1. Forsiden

For å koma til bestillingsskjema - vel avfallstype

Private hushaldningar i Finnøy kommune kan tinga henting av grovavfall og farleg avfall. 

Grovavfall - Avfall som ikje får plass i vanlege bosspann. Dette kan og vera ting som er fullt brukbare, men som du ynskjer å bli kvitt. Du kan ha inntil tre hentingar i året.

Farleg avfall - til dømes kjemikalier, maling, spraybokser og småelektrisk avfall. Legg avfallet i den raude boksen du har fått utlevert til denne typen avfall.

Avfallet skal settast ut mot kjørbar veg, helst på din eigen eigedom. Veien må vera kjørbar for stor lastebil. Bilen ryggar ikkje inn i smale gater og kjøyrer heller ikkje inn i innkjørsler. Har du problem med kor du skal plassera avfallet ditt, ta kontakt med Miljø og renovasjon ved å ringa Innbyggerservice i Stavanger kommune, på telefon 51 50 70 90.

Avfallet må stå framme kvelden før avtalt henting eller seinast kl 06.30 på sjølve dagen. 

Det må koma tydeleg fram kva som skal hentast.

Du har sjølv ansvar for avfallet fram til det blir henta. Avfallet må vernast mot ver og vind.