1. Forsiden

For å koma til bestillingsskjema - klikk blått felt under

Henteordning for grovavfall i Time kommune

Private hushald i Time kommune kan bestille henting av grovavfall på denne nettsida. Hentedato for di adresse kjem automatisk opp når du legg inn kontaktdata i bestillingsskjemaet. Følg rettleiinga i skjemaet, og les nøye gjennom sorteringsguiden kva som er rekna for å vere grovavfall, og reglar for plassering av avfallet som skal hentast. Ordninga gjeld ikkje næringsavfall.

Avfallet skal setjast ut mot kjørbar veg, og då helst på eiga tomt. Ein god regel er at du plasserer avfallet du vil ha henta, på same staden som du set ut avfallsdunken for tøming. Avfallet skal setjast ut kvelden før eller seinast kl 7.30 på sjølve hentedagen. Plasser avfallet slik at det ikkje er til hinder for allmenn ferdsel og trafikk. 

Fullt brukbare gjenstander som du ønskjer skal gå til ombruk, bør merkast med godt synleg lapp med "Til byttebod". Då vert gjenstanden levert til ombruk i staden for til forbrenning. Skriv også kva avfall du ønskjer å kaste i eige felt i bestillingsskjemaet.

Abonnenten har sjølv ansvar for avfallet fram til det blir henta. Dersom det er nedbør, bør avfallet bør beskyttast med ei presenning eller plast dersom det skal gå til ombruk. Presenninga blir lagt igjen. 

 

Dersom du har spørsmål til utfylling av skjema eller kva du kan levere, ta kontakt med servicekontoret på telefon: 51 77 60 00 eller e-post: service@time.kommune.no.